Lily Allen
Lily Allen | |||
![]() | |||
Fødd | 2. mai 1985 (40 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hammersmith | ||
Fødenamn | Lily Rose Beatrice Allen | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 2002– | ||
Sjanger | pop, grime, synthpop, indiepop, ska, moderne R&B | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Plateselskap | London Records, Capitol Records, Regal Recordings, Warner Bros. Records, Parlophone, EMI | ||
Verka som | songar-låtskrivar, skodespelar, filmskodespelar, programleiar, arrangementvert, plateartist | ||
Mor | Alison Owen | ||
Far | Keith Allen | ||
Gift med | David Harbour, Sam Cooper | ||
Prisar | Ivor Novello-prisen, Ivor Novello-prisen |

Lily Rose Beatrice Allen (fødd 2. mai 1985 i Hammersmith i London) er ein engelsk artist og skodespelar. Ho er dotter av skodespelaren, komikaren og musikaren Keith Allen og filmprodusenten Alison Owen. Ho har ei eldre søster, Sarah, ein bror, skodespelar Alfie Allen (som ho syng om i songen «Alfie») og fleire halvsøsken.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Allen vart fødd i London, men flytta mykje og gjekk på 13 ulike skular i løpet av oppveksten og vart utvist frå mange av dei. Som 15-åring slutta ho på skulen. Ho har fortalt at sjølv i tidleg alder hadde ho problem med autoritetar og at musikken vart eit opprør for henne, men også ein måte å uttrykkja kjensler på.
Musikar
[endre | endre wikiteksten]På ferie på Ibiza møtte ho Georg Lamb frå plateselskapet A&R, som introduserte henne for musikkprodusenten Futur Cut. Han har skrive mange av Lilys melodiar. Lily er kjend for å uttala seg skarpt om andre artistar, mellom anna Kylie Minogue, Bob Geldof og Madonna. Ho har vorte kåra til UKs 3. «coolest person», men også den 10. «Most Annoying Person of 2006».
Musikken
[endre | endre wikiteksten]Lily Allen har budd i fleire område av London, og dette har påverka musikkstilen hennar. I 2005 signerte ho kontrakt med Regal Records (EMI). Ho lasta opp songane sine på MySpace i november 2005, og fekk mykje omtale då sida hennar vart mykje besøkt. Dette enda med demoen «LDN» som vart Allens første singel. Debutalbumet hennar Alright, Still kom ut i 2006.
Allen har også ein parodi av 50 cents «Window shopper» på MySpace og som ho har spelt på konsertar. Allen er også med som bakgrunnssongar på Robbie Williams si plate Rudebox frå 2006.
Songtekstane hennar er kjende for å ta opp litt uvanlege tema og bruke sterke ord. Songen The Fear er til dømes ein kritikk av fokuset på konsum, utsjånad og berømtheit, mens Fuck You gjer narr av dei som promoterer homofobi og rasisme.
Skodespelar
[endre | endre wikiteksten]Allen har spelt i filmane Elizabeth (1998), How to Build a Girl (2019) og TV-serien Dreamland (2023).
Frå 2021 har ho også hatt fleire roller på scena, mellom anna hovudrolla i skodespelet 2:22 A Ghost Story, som ho fekk gode kritikkar for.